Satsingsområde

EIT OVERORDNA SATSNINGSOMRÅDE I MAURTUVA GJENNOM HEILE ÅRET ER SOSIAL KOMPETANSE!

Sosialkompetanse handlar om kunsten å omgås kvarandre, og
meistre samspel. Føresetnaden for utvikling av sosialkompetanse er at barna
opplever tryggleik og omsorg, samt utviklar eit positivt sjølvbilde. Me i
Maurtuva ser på utviklinga av sosial kompetanse som ein av våre viktigaste
hovudoppgåver. Ved å arbeide aktivt gjennom heile førskuletida er barnehagen med
på å gje barna best mulig kompetanse vidare i livet. Me ynskje å legge vekt på
dette ved at dei ansatte opptrer som gode rollemodellar, og gjev barna eksempel
på god sosial kompetanse i kvardagen. Personalet skal være nære, omsorgsfulle og
gje mykje kjærleik. Glede og humor skal være eit viktig element i kvardagen vår.
I konfliktar må me rettleie barna og snakke om kva som er rett og gale. På de
ulike avdelingane jobbar dei aktivt med sosialkompetanse i kvardagen og i
temaarbeid.