Marihøna

Velkommen til Marihøna! Marihøna er ei avdeling for barn i alderen 3-4 år. I år er det 13 barn totalt, 7 barn født i 2019 og 6 født 2020. Me er 2 vaksne saman med dei kvar dag, i tillegg har me Aase Berit på topp fredager. Ho blir bruka som vikar på heile huset og derfor ikkje alltid på Marihøna.

Ein trygg kvardag er barnehagens visjon. Det vil sei omsorg og tryggleik, det å bli sett og høyrt, at det er rom for leik og læring og glede og humor. Me er opptekne av å gje barna dykkar den tid dei treng for å bli trygge på kvarandre og oss vaksne. 

I tillegg er sosial kompetanse ein føresetnad for å fungere godt saman med andre. Føresetnaden for å utvikle sosial kompetanse er at barna opplever tryggleik og omsorg. Me på Marihøna ser på dette som ein av våre viktigaste oppgåver og me har stort fokus på å korleis me kan legge til rette for vennskap og fellesskap. Grunnlaget for dette blir lagt i tidlege barneår. I tett samarbeid med dei andre avdelingane  skal me gjera det me kan for å få til dette:)

 

 

 

Meir om vårt pedagogiske arbeid og informasjon finn de i "Årsplan for Maurtuva barnehage" og "Informasjonshefte for Marihøna"