Maurtuva - "Ein trygg kvardag".

Maurtuva barnehage er ein barnehage med fem avdelingar som ligg i Breisås i Bø. Maurtuva har eksistert som privat foreldredriven barnehage frå 1988. Hausten 2005 tok vi i bruk heilt nye lokale der både barn og vaksne fekk mykje god plass. I tillegg har me bygd ut i 2017 utan å ta inn fleire barn, altså berre fått meir plass. På hovudhuset er det fire avdelingar: Tusenbein,Marihøna, Grasshoppa og Knotten. I tillegg har me avdeling Myggen i nytt bygg (ferdig 2014). Me tek imot barn frå 0-6 år.

Me har eit stort og variert uteområde, der skogen er næraste nabo. Der ligg det ei flott grillhytte og ein stor ny gapahuk. Område kallar me "Markhotten" Maurtuva er kjent for sin lune og trivlege atmosfære, og for eit godt samarbeid mellom foreldre og tilsette. Foreldra kan påverke verksemda på ulike måtar, samstundes som dei yter meir til barnehagen t.d. i form av dugnad og styreverksemd for barnehagen.