Myggen er ei småbarnsavdeling med barn i alderen 0-3 år. I år skal det gå 12 barn totalt på Myggen, 4 er fødd i 2022 og 8 er fødd i 2023.
Me er 4 tilsette på jobb kvar dag.
Det å starte i barnehagen er den første store omveltinga i eit barns liv. Frå å være heime omgitt av nære omsorgspersonar som mor, far og andre familiemedlemmer skal barnet nå finne seg til rette blant det som i starten er nye og ukjente barn og vaksne.
Det viktigaste for dei minste barna er forutsigbarhet, gode relasjonar, ro og framfor alt trygghet. Det å finne trygghet i nye situasjonar er individuelt og kan for nokon ta lengre tid. For å finne trygghet må ein oppleve å bli forstått og kjenne at ein blir tatt på alvor i kjenslene sine.
Me vil heile tida i vårt arbeid ha "Trygghetssirkelen" (COS) i fokus. Det vil si at me vaksne heile tida er tilstades for barna slik at dei kan søke eit fang når som helst før dei utforskar vidare.
Me er opptatt av at alle barna skal bli sett kvar dag. Dei skal ha fått god oppmerksomhet og kontakt med vaksne kvar dag. Me tar hensyn til at kvart barn er ulike og treng ulike ting frå oss vaksne. Det er viktig for oss å sjå kvart barn som dei er.
På Myggen har me også ekstra fokus på barns smaksutvikling, motoriske utvikling og språkutvikling.
Meir om vårt pedagogiske arbeid og informasjon om avdelinga finn du i årsplanen for barnehagen og i infofolderen for avdelinga.
Helsing
Vibecke Haugen, pedagogisk leiar 90%
Kate Tveiten, barnehagelærar 90%
Jorunn H. Aasmundsen, fagarbeider 100%
Liv Marit Bergland, fagarbeider 100%
Helene Soterud Kilen, asssistent 40%
Marthe Dahle, assistent 20%